For å styrkje den nasjonale styringa av høgspesialisert pasientbehandling og nasjonale kompetansesentra i spesialisthelsetenesta, kom det i 2011 eit nytt styringssystem for nasjonale tenester i spesialisthelsetenesta. Dette omfattar sentralisering av høgspesialisert behandling.
Ei nasjonal behandlingsteneste skal berre etablerast ved eit helseføretak i landet. Ei fleirregional behandlingsteneste skal berre etablerast ved to helseføretak.
Avgjersla inneber at berre helseføretak som er tillagt ansvar for ein nasjonal eller fleirregional behandlingsteneste som skal drive høgspesialisert pasientbehandling innanfor gitt fagområdet.
Sikre nasjonal kompetanseoppbygging
Nasjonale kompetansetenester skal sikre nasjonal kompetanseoppbygging og kompetansespreiing innanfor sitt spesifiserte fagområde og bidra aktivt til kompetanseoppbygging og rettleiing innanfor dette fagområdet i heile helsetenesta og til brukarar og befolkninga elles.
Enkelte nasjonale kompetansetenester omfattar kompetanseoppbygging på fagfelt som er like relevante for både den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta.
Etablering av ei nasjonal kompetanseteneste medfører ikkje sentralisering av pasientbehandling, men nasjonale medisinske kompetansetenester kan likevel ved behov sjølv kunne drive pasientbehandling i samband med verksemda.
Det er eit sentralt mål at ei nasjonal kompetanseteneste understøttar lokal pasientbehandling.
Ansvar for vidareutvikling
Tenestene har eit ansvar for å vidareutvikla fagfeltet innanfor den definerte tenesta gjennom å ta vare på følgjande oppgåver:
- Overvaking og oppfølging av behandlingsresultat til dømes gjennom bru av dokumentasjonssystem, medrekna nasjonale kvalitetsregister og biobankar.
- Forsking og etablering /oppbygging og deltaking i nasjonale og internasjonale nettverk.
- Spreiing av forskingsresultat og iverksetjing av tiltak for implementering av ny kunnskap til dømes ved deltaking i nasjonalt forankra arbeid med utarbeiding av nasjonale retningslinjer i regi av Helsedirektoratet.
- Rettleiing og rådgjeving innanfor eige fagområde til heile helsetenesta, medrekna primærhelsetenesta, brukarane og befolkninga gjennom til dømes utvikling av faglege rettleiarar for diagnostikk, behandling og oppfølging eller standardisert pasientinformasjon.
- Bidra i relevant undervisning innanfor eige fagområde.
- Iverksetjing av tiltak for å sikre likeverdig tilgang til nasjonale og fleirregionale behandlingstenester.