Lav kjennskap til anbefalinga om 30 minutt fysisk aktivitet
[22.11.2005
: Pressemelding]
I ei fersk undersøking Norstat har gjort på oppdrag frå Sosial- og helsedirektoratet kjem det fram at berre 11% av befolkninga kjenner til anbefalinga om å vere moderat fysisk aktiv 30 minutt kvar dag. Berre 1 av 3 oppgir at dei går minst 10 minutt i strekk kvar dag, og kvar sjette nordmann har ikkje eingong gått ti minutt i strekk den siste veka.
Trening har positiv effekt på angst og depresjon
[Foto: Nicolas Tourrenc]
- Når vi veit at det er ei markant auke i inaktivitetsrelaterte sjukdomar er dette bekymringsverdig, seier avdelingsdirektør Anita A. Aadland i Sosial- og helsedirektoratet. Aadland er imidlertid svært nøgd med at undersøkinga viser at dei aller fleste trur dei kan klare å oppfylle anbefalinga om 30 minutt dagleg fysisk aktivitet. 9 av 10 trur dei kan klare anbefalingane. Ved å betre kunnskapen om anbefalingane og helsegevinsten ved å vere i aktivitet er det eit stor forebyggingspotensiale.
Stort førebyggingspotensiale
- Vi veit at ein ved regelmessig fysisk aktivitet kan halvere risikoen for å utvikle diabetes type 2 og hjarte- karsjukdomar. Risikoen for økt blodtrykk kan reduserast med 30% og kreft med 10-50%, avhengig av type kreft.
Forsking viser og at folk som er regelmessig fysisk aktive, har mindre risiko for å utvikle psykiske lidingar som depresjon og angst.
- Sett vekk frå det aktiviteten medfører for kvar enkelt i form av auka velvære og overskot, er det eit stort førebyggingspotensiale ved å auke den fysiske aktiviteten i befolkninga. Det er difor svært positivt at ein no er i gang med eit tverrdepartementalt samarbeid for å legge til rette for auka fysisk aktivitet avsluttar Anita A. Aadland.
Handlingsplan for fysisk aktivitet
I regjeringa sin handlingsplan for fysisk aktivitet (2005-2009) står åtte departement bak 108 tiltak som skal vere med på å auke aktiviteten i befolkninga. Fleire sektorarar er mobilisert for å få til eit felles lyft for å legge til rette for meir fysisk aktivitet.
Tiltaka i handlingsplanen spenner difor breitt, og omhandler mellom anna tilbod om lavterskel-aktivitetar til grupper som fell utanfor dei vanlege idretts- og aktivitetstilboda, tilrettelegging av gang- og sykkelvegar, og sikring av grøntareale i bustadområda. Handlingsplanen omhandlar også tiltak for auka moglegheit for fysisk aktivitet i barnehagar, skular og i arbeidslivet og auka kunnskap om fysisk aktivitet og helse hjå ulike yrkesgrupper.
I samband med handlingsplanen er det utarbeida ein kommunikasjonsstrategi der målet mellom anna er å auke andelen som kjenner til anbefalinga om at vaksne bør være moderat fysisk aktiv minst 30 minuttar kvar dag, og barn og ungdom i minst 60 min kvar dag. I tillegg er det eit mål å motivere og legge til rette for at den delen av befolkninga som ikkje er i aktivitet skal bli fysisk aktive i tråd med anbefalingane for vaksne og born.