[29.10.2009
]
Handlingsplan for fysisk aktivitet (2005-2009) Sammen for fysisk aktivitet, som vart lansert i desember 2004, er no evaluert. Vista Analyse har gjennomført evalueringa etter oppdrag frå Helsedirektoratet på vegne av dei samarbeidande departementa.
[Foto: Helsedirektoratet]
Heile åtte departement står bak planen, noko som gjer den unik. Det er fyrste
gongen heile dette feltet er samla mellom to permar. Visjonen med
handlingsplanen er "Betre folkehelse gjennom fysisk aktivitet i
befolkninga".
Planen har to hovudmål:
Auke delen av barn og unge som er moderat fysisk aktive i minst 60 minutt kvar
dag.
Auke delen av vaksne og eldre som er moderat fysisk aktive i minst 30 minutt
kvar dag.
Blant målgruppene for planen er beslutningstakarar på ulike nivå, som
fagpersonar, planleggarar og politikarar. Planen set fokus på at det ikkje
berre er helsesektoren som må dra lasset. Å få folk i aktivitet handlar om å
legge til rette for at folk enkelt skal kunne vere fysisk aktive i kvardagen
og på fritida. Då trengs det bidrag frå mange og innsats på alle
forvaltningsnivå – ikkje minst i kommunane der folk bur. Handlingsplanen
omfattar heile 108 tiltak som spenner frå lovutvikling til trimgrupper i
regi av frivillige organisasjonar og samanhengande sykkelvegnett i byar og
tettstader.
Handlingsplanen sette fysisk aktivitet på dagsorden
Evalueringa viser at handlingsplanen sitt viktigaste bidrag har vore å setje
fysisk aktivitet på dagsorden og å gi legitimitet til dette viktige arbeidet
– ut over helsesektoren. Dermed har planen også vore ein nyttig reiskap til
bruk for styresmakter og frivillige organisasjonar på ulike nivå.
Handlingsplanen har også fungert som eit kunnskapsdokument. Slik har den
vore med på å auke medvitet og kunnskapen om fysisk aktivitet og helse.
Evalueringa viser samstundes at dersom hensikta har vore å samordne felles
innsats for å få befolkninga meir fysisk aktive, har planen ikkje fungert
optimalt.
Er målgruppene nådd?
Primærmålgruppa til handlingsplanen var beslutningstakarar på ulike nivå.
Handlingsplanen vert referert og brukt i fleire samanhengar i
primærmålgruppa. Der er det fleire som gjev uttrykk for at dokumentet
fungerer som eit hjelpemiddel. Legitimitet og døropnar er stikkord som går
igjen. Slik kan ein seie at ein har nådd ut til målgruppa.
Vegen vidare
Handlingsplanen har vore eit viktig verktøy for kunnskap, merksemd og
legitimitet, men det er eit godt stykke fram før målet og visjonen om betre
folkehelse gjennom auka fysisk aktivitet er nådd. Mange trendar går i riktig
retning, og trening og fysisk aktivitet får større merksemd i samfunnet no
enn då handlingsplanen vart sett i gang. Samstundes ser ein at
helseskilnadene i samfunnet aukar, og at mange er for lite aktive i
kvardagen. Ressursane som er lagt ned og erfaringane som er hausta i
arbeidet med Handlingsplan for fysisk aktivitet bør heilt klart følgjast
opp. Evalueringa gjev eit godt grunnlag for utvikling av strategiar for
arbeidet vidare med å fremje fysisk aktivitet i befolkninga. Det er
nødvendig å halde fram satsinga, men ho må truleg vere tydelegare, meir
kunnskapsbasert både når det gjeld kostnads- og styringseffektivitet – og
endå meir spissa mot dei tunge utfordringane.