Til tekstversjon

Transparent gif
Søk
Til forsiden
Bakgrunnsstripe
Aktuelt Temasider a - å Publikasjoner Tilskudd Statistikk Lover & regler Om direktoratet

Transparent gif Fysisk aktivitet:
Pil
Pil
Transparent gif
Pil
Transparent gif
Transparent gif
Transparent gif
Pil
Transparent gif
Transparent gif

Grønn resept

Lågterskelmodellar for endring av levevanar

[28.10.2008 ] Taksten "Grønn resept" vart innført i 2003. Fem fylke har prøvd ut modellar for korleis ein kan fylge opp dei som får ein slik resept av legen sin. Evalueringa syner at både legar og brukarar er nøgde.

Samtale

- Då "Grønn Resept" var innført, vart det etterlyst eit mottaksapparat for dei som skulle endre levevanar. I dei fem fylka som no har prøvd ulike lågterskelmodellar, er det positive tilbakemeldingar. Evalueringa "Ein resept å gå for?" syner at 80 prosent av legane meiner at ordninga har dekka vesentlege behov hjå brukarane, seier avdelingsleiar Henriette Øien i Helsedirektoratet.

Å kome i gang med å endre levevanar krev mykje, og tett oppfølging er nødvendig. Det har vist seg at motivasjonssamtalar og gruppetrening fungerer godt.

32 kommunar i fem fylke har prøvd ut modellar for korleis ein kan organisere oppfølginga.

  • Frisklivsmodellen
  • Fysiotekmodelen
  • Kompetansemodellen

Helsesamtale for å skape motivasjon

Legane har sendt brukarane til ein mottakssentral (frisklivssentral eller fysiotek) Ved oppstart har dei tilbod om ein helsesamtale med fokus på å skape motivasjon og involvering. Deltakarane har vore med på organiserte aktivitetar som stavgang og gruppetrening. Ein del fekk også tilbod om kurs i kosthald og røykeslutt. Reseptbrukarane har i stor grad vore nøgde med den oppfølginga dei får. Det er også mange som held fram med å vere aktive etter reseptperioden.

Tett oppfølging er nødvendig

57 prosent av legane meiner at oppfølging er nødvendig for å klare å kutte røyken, legge om kosthaldet eller bli fysisk aktiv. At det er eit bra organisert apparat for å ta i mot brukarane, og som også er forankra lokalt har vore avgjerande for suksess. Legane som deltok i prosjektet har vore nøgde med organiseringa av prosjektet.

Utfordringar

Det har vore eit utfordring å fange opp grupper som menn, overvektige og personar med minoritetsbakgrunn. 20 prosent av dei som vart henviste har heller ikkje møtt opp. Ein del av desse har psykiske problem eller overvekt.

Erfaringar frå prøvefylka

Dei fem fylka (Buskerud, Nordland, Oppland, Troms og Vest-Agder) som har prøvd ut modellane har gjeve ut ein rapport med erfaringar og anbefalingar for vidare drift. Rapporten tek for seg forankring, organisering, målgrupper og kven som skal henvise.

Tilråding

Helsedirektoratet skal gje Helse -og omsorgsdepartementet ei tilråding om vidareføring av ordninga. Grunnlaget vil blant anna vere evalueringsrapportane, men også erfaringar frå Sverige og Danmark.

  • Kontakt: Henriette Øien, Helsedirektoratet
    tlf: 24 16 34 47 e-post: heo@helsedir.no


[Publisert: 28.10.2008]      [Sist endret: 27.01.2009]



Skriv ut denne artikkelen Skriv ut denne artikkelen

Tips en venn Tips en venn
Vedlegg

PDF Evalueringsrapport "Ein resept å gå for?" Helsedirektoratet og Møreforsk"
[Pdf 177 sider]

PDF Evalueringsrapport "Ein resept å gå for?" Kortversjon
[Pdf 30 sider]

PDF Evalueringsrapport fra Buskerud_Nordland_Oppland, Troms og Vest- Agder.
[Pdf 19 sider]

PDF Mosjon på Romsås- erfaringer og resultater
[Pdf 1 89 sider]

Dokument "Bra mat"

Word Hvem kan bli kursledere for "Bra mat"


Se også



Transparent gif

Norwegian Directorate of Health, PO box 7000 St. Olavs plass / Universitetsgata 2, 0130 Oslo, Norway
Tel: + 47 810 20 050, Fax: + 47 24 16 30 01, webredaktor@helsedir.no

Transparent gif

Helsedirektoratet, PB 7000 St. Olavs plass/Universitetsgata 2, 0130 Oslo
Tel.: + 47 810 200 50, Faks: + 47 24 16 30 01 Org.nr. 983 544 622 webredaktor@helsedir.no