[04.06.2008
]
I Noreg har ein hatt få data på born og unge sine aktivitetsvanar. Kartlegginga er starten på eit nasjonalt overvakingssystem, som og er banebrytande internasjonalt. – Dette vil gje norske helsemyndigheiter betre kunnskap om aktivitetsnivået i befolkninga og gjere oss i stand til betre å følgje utviklinga over tid, seier Henriette Øien, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.
Born og unges aktivitetsnivå er kartlagd
[Foto: Colourbox]
Det vil også betre moglegheitene til å sette inn tiltak der det er størst
behov og har størst effekt, held ho fram.
Deltakarane sitt aktivitetsnivå vart målt med ein aktivitetsmonitor som dei
bar på hofta. Kondisjonsdelen vart målt ved hjelp av ein sykkeltest. I
tillegg vart støtte og oppmuntring frå foreldre og motivasjon målt ved hjelp
av spørjeskjema.
- No har me data på born og unge. I desse dagar startar også ei kartlegginga
av vaksne og eldre, Kan1, som Noregs idrettshøgskole gjennomfører for oss.
4000 nordmenn er plukka ut til å delta, og her håpar me også på stor
oppslutnad, avsluttar Øien.
Vil overvake utviklinga
Mange born og unge er i for lite aktivitet. Det er viktig å ha gode nok data
for å kunne følgje utviklinga. Helsedirektoratet vil arbeide for at det vert
sett av ressursar til å gjennomføre tilsvarande kartleggingar.
Del av handlingsplanen
Kartlegginga er ein del av haldingsplanen ”Saman for fysisk aktivitet”. Åtte
departement står bak dei 108 tiltaka i planen, og born og unge er den
viktigaste målgruppa.
Eit sentralt mål er å auke andelen born og unge som er fysisk aktive i minst
60 minutt om dagen.
Kartlegginga er representativ på landsbasis. Alle fylker er med, men ein kan
likevel ikkje samanlikna resultat mellom fylka.
Last ned rapporten "Fysisk aktivitet blant barn og unge i Norge" i
vedlegget til høgre.